Parkering
Innhald
Samandrag: Kommunen arbeider med ein parkeringsstrategi, og i det arbeidet skal det vera fleire møte både i Fjærland og andre deler av kommunen. Hjå oss er ulike næringsaktørar kalla inn til to møte før det skal vera bygdemøte om same emnet. Innkallingane står under.
Innkalling til møte nr. 1
Heile Sogndal kommune arbeider med parkeringsstrategi for dei ulike delene av kommunen (kommunale sakspapir her). Under streken ser du eposten frå kommunestyremedlemen frå Fjærland, Bjarte Haugen (V) om saka. Fyrste møte er, som de kan sjå, 20. august. Fyrste bygdamøte er 3. september. Viss du er interessert i å vera med å utforma parkeringsstrategien for FJærland, kan du melda deg til bygdautvalet.
Til
– Jarle Mundal, næringsaktør med eigarinteresser i parkeringsplassar
– Steinar Dvergsdal, Fjærland Busenter
– Randi Finne, Den Norske Bokbyen
– Berit Karin Supphellen, Bøyum Camping
– Eivind Ødegård, Fjærland Bygdautval
– Anne Mundal Skjelten, Norsk Bremuseum og Fjærland Næringssamanslutning
– Hege Våtevik, Bondelaget
Kopi: Kommunedirektøren v/sekretariat
Takk for at de stiller opp i parkeringsgruppa for Fjærland. Gruppa har eit viktig mandat: å lage eit godt grunnlag for kommunal parkeringsstrategi med særleg blikk på utfordringane og moglegheitene i Fjærland. Dette arbeidet skal munne ut i eit innspeldokument innan 1. oktober 2025, som vert grunnlag for politisk handsaming.
Vi har no satt opp følgjande møtedatoar (onsdagar kl. 20:30):
- Første møte: onsdag 20. august 2025
- Folkemøte i Fjærland: onsdag 3. september 2025
- Avsluttande møte: onsdag 24. september 2025
Møtestad kjem vi tilbake til, men legg opp til fysisk oppmøte i Fjærland der det er mogleg.
Til første møte ber eg dykk førebu følgjande:
📝 Heimelekse – innspel frå din verksemd eller rolle:
- Kva er dei største utfordringane med dagens parkeringssituasjon?
- Kva behov har du eller din verksemd for parkeringsløysingar?
- Kva moglegheiter ser du for framtidsretta og berekraftige løysingar?
- Har du forslag til organisering, eigarskap, drift eller finansiering av parkering?
Vi er i ein tidleg fase og skal kartleggje utfordringar, behov og potensial før vi går inn i vurdering av verkemiddel og struktur. Innspela frå dykk vil danne grunnlaget for vidare diskusjonar.
Innkalling til møte nr. 2
- Velkomst og mål for møtet
- Kort orientering om status og prosess fram mot folkemøtet.
- Gjennomgang av innspel
- Oppsummering av alle skriftlege innspel som er kome inn.
- Diskusjon: kva er fellesnemnarar, kva er motstridande, og kva bør løftast i folkemøtet?
- Planlegging av folkemøtet
- Kva tema bør vi ha på dagsorden?
- Korleis leggje opp møtet (innleiingar, gruppearbeid, plenumsdiskusjon)?
- Kven inviterer vi – kven bør vere til stades?
- Skilting – avklaringar og moglegheiter
- Behov for skilting på kort sikt (sentrumsparkering, bubilar, trailer).
- Moglegheiter for lokale løysingar med enkle skilt.
- Kva må avklarast med Vegvesenet/kommune?
- Kommunen deltek på møtet og kan svare på spørsmål om skilting.
- Fordeling av oppgåver fram mot folkemøtet
- Kven lagar presentasjon/oppsummering av innspel?
- Kven tek kontakt med Vegvesenet/kommune om skilting?
- Kven ordnar praktiske ting (lokale, invitasjonar)?
- Neste steg
- Stadfeste tid og stad for folkemøtet.
- Sette frist for ferdig utkast til parkeringsavtale/plan.