Gåva frå Arnold Mundal

Innhald

Det er med stor glede og takksemd Fjærland bygdautval, som styret i Fjærland bygdalag, kan melda at bygdalaget har fått testamentert ei storfelt gåve etter fjærlendingen Arnold Mundal, som avleid i mai 2025. Heile ti millionar kroner (10.000.000) skal gå til ei stifting som skal dela ut pengane!

Bakgrunn og testamente

Arnold Mundal var oppvoksen i Fjærland, og budde mesteparten av livet i Oslo. Han døydde utan livsarvingar. Før han døydde, utarbeidde han eit testamente der han overlét storparten av eiga si til slektningar, i tillegg til den omfattande gåva til Fjærland. Dette utdraget frå testamentet, direkte sitert, er det som gjeld gåva:

  1. Det skal opprettast ei stifting (Stifting/STI) med ein kapital på NOK 10.000.000,– (kronertimillioner). Det er mitt ynskje at Stiftinga blir oppretta basert på følgjande grunnlag:
    1. Grunnkapital på NOK 100.000,– og anna eigenkapital på NOK 9.900.000,–.
    2. Stiftinga skal ha eit formål som medfører at det kan gis støtte til einskild- og/eller fellestiltak som kjem bygda Fjærland til gode, som til dømes:
      1. Tiltak som kan medføre nye arbeidsplassar.
      2. Tiltak som støttar reiselivsnæringa og andre aktivitetar/næringar som gir positive ringverknader for bygda.
      3. Tiltak av ulik art som kan medføre auka trivselsfaktor for bygda og bygdefolket.
      4. Tiltak som elles er i allmennheita si interesse å igangsette.
    3. Stiftinga skal ha eit styre på 3-5 medlemar, som skal oppnemnast av Fjærland Bygdalag FLI. Bygdalaget oppnemner også nye styremedlemar i Stiftinga ved utskifting.
    4. Både kapitalen og avkastning på kapitalen skal kunne delast ut og Stiftinga skal ha ei avgrensa levetid på maksimalt 30 år. Dersom det er kapital att i Stiftinga etter 30 år skal kapitalen nyttast på ein måte som samsvarar med Stiftinga sitt formål, eller som samsvarar med eit liknande allmennyttig formål. Dersom dette ikkje er muleg, skal restkapitalen gå til stiftinga Norsk Bremuseum.
    5. Dersom det ved min død ikkje er utarbeida konkrete vedtekter for Stiftinga, som eg har godkjent, skal testamendsfullbyrdar sørge for at endelege vedtekter blir utarbeida og sørge for registrering av Stiftinga hos Stiftingstilsynet. Testamentsfullbyrder skal i så fall utforme formålet i vedtektene i tråd med det som er angitt i dette testament og etter å ha konferert med Fjærland Bygdalag.

Kommentarar

Testamentfullbyrdaren som er nemnt i utdraget over er advokat Gunnar Bøyum. Med «Fjærland Bygdalag FLI» er meint organisasjonen Fjærland bygdalag, som har organisasjonsnummer 999213596 (her er oppføringa i Brønnøysundregistra) og desse vedtektene. Frå vedtektene nemner me desse to paragrafane, der relevante deler er framheva:

§4 Årsmøtet
Årsmøtet skal […] Velje eit bygdautval såleis: Velje leiar i bygdautvalet for 1 år om gongen. Velje 4 utvalsmedlemer for 2 år om gongen, slik at 2 er på val kvart år. Utvalet konstituerer seg sjølv.

§6 Bygdautvalet
[…] Bygdautvalet arbeider med saker for bygdalaget mellom årsmøta. Bygdautvalet kan knyte til seg personar eller setje ned særskilde utval for å arbeide med spesielle oppgåver. Bygdautvalet kan kalle inn til bygdamøte etter behov. […]

Etter vedtektene og testamentet til Arnold vil bygdautvalet, saman med testamentfullbyrdaren, oppnemna medlemer til stiftinga som skal dela ut gåva. Me vil kalla inn til minst eitt og truleg fleire bygdamøte når det gjeld korleis gåva skal brukast og korleis stiftinga skal fungera. Me inviterer alle fjærlendingar til å tenkja på gode idear og leggja dei fram på bygdamøta. Her skal me tenkja oss godt om.

Me tek imot gåva med stor takk. Denne tildelinga er noko som hender ein sjeldan gong, og me vil gjera vårt beste for å heidra Arnold og oppfylla ynsket hans. Det gjer me ved å handla med takt, klokskap og takksemd.

Oppdateringar i saka vil koma på denne sida.

Oppdatering september 2025

Bygdautvalet gjorde vedtak på møtet 19. august 2025 om å spørja fylgjande om å sitja i interimstyret til stiftinga som skal opprettast for å styra arven etter Arnold:

  • Gunnar Bøyum
  • Aamund Mundal
  • Laura Kvamme
  • Monica Skeide
  • Arne Skjelten

Alle desse har no sagt ja til å sitja i interimstyret. Som det står i testamentet, vil testamentfullbyrdar Gunnar Bøyum syta for at det blir laga endelege vedtekter for stiftinga, og etter å ha konferert med Fjærland bygdalag. I praksis vil det seia at interimstyret utarbeider vedtekter, og at me inviterer til bygdamøte om saka når arbeidet er i gang.