Referatet frå Fjordviten-møtet og nye saker til årsmøtet
No er referatet frå informasjons- og debattmøtet på bygdahuset 5. februar 2026 klart. Her var det informasjon om Arnold-stiftinga, om alternativ til Facebook, og ikkje minst om Fjordviten. Referatet finn du under her, og sjølvsagt på sakspapir-sida òg.
Me minner òg om årsmøtet 24. februar 2026. Desse sakene er komne inn, og kjem i tillegg til vanlege årsmøtesaker:
- Korleis skal bygdautvalet få innverknad på kommunale saker som gjeld Fjærland?
- Bustadtomter i Fjærland: Me må bruka dei me har før me kan be om nye
- Framtida til bygdautvalet på grunn av vanskar med å få fylt styreverva