Kontorfellesskap på feltstasjonen

Kontorfellesskapet vårt ved Bremuseet i Fjærland er no i drift. Her finn du to arbeidsstasjonar med tilrettelagde PC-skjermar.
Kontoret er eit tilbod til deg som ynskjer ein stad å jobbe eller studere utanfor heimen eller hytta di. Vi ynskjer også at dette skal vere ein møteplass for frivilligheita i Fjærland.
Liv og Lyst vil nytte kontorplassane til vidare arbeid med prosjektet sitt. Dersom andre frivillige i bygda ynskjer ein stad å gjere kontorarbeid for laget sitt, kan de låne kontorplass gratis.
Dette er ei prøveordning, og vi set pris på innspel og tilbakemeldingar undervegs.


Utstyr og fasilitetar

Arbeidsstasjonane har:

  • 40” skjermar med dokking og tilkopling til dei fleste PCar.
  • Heilt nye, justerbare kontorstolar.
  • Hev/senk-funksjon på ein pult.
  • Tastatur og mus (ein kan òg ha med eige).
  • Rein pult-regel.
    Du har også tilgang til:
  • Konferanseskjerm.
  • Internett: tilgang til bremuseet sitt gjestenett.
  • Toalett: eige toalett i kontorbygget.
  • Kafe: tilgang til kafeen på Bremuseet (obs! museet er stengt om vinteren)

Pris og betaling


100 kr per dag, men gratis når du studerer eller jobbar for eit frivillig lag i Fjærland.
Betaling via vipps til Fjær-land Bygdalag #114473. Merk betalinga med «kontorfellesskap».


Tinging


Reserver plass ved å sende melding til Else Mundal, telefon: 976 49 724.
Betalande gjester har prioritet. Dersom begge plassane er reservert, får du tilbod om ein plass utan skjerm.
Venleg helsing Liv og Lyst i Fjærland