Kalender

Her er ei liste over komande møte og hendingar me veit om, anten dei er arrangerte av bygdalaget eller andre. Dei fleste hendingane føregår på Fjærland bygdahus, med mindre ikkje anna står.

Årsmøte i Fjærland bygdalag 2026

Dato: 24. februar 2026
Tid: 20:00
Stad: Fjærland bygdahus

Vanlege årsmøtesaker, i tillegg til desse innkomne sakene:

  • Korleis skal bygdautvalet få innverknad på kommunale saker som gjeld Fjærland?
  • Bustadtomter i Fjærland: Me må bruka dei me har før me kan be om nye
  • Framtida til bygdautvalet på grunn av vanskar med å få fylt styreverva