Bossproblem i turistsesongen

Det er ikkje uvanleg at bosskorger og -kontainerar blir overfylte i turistsesongen. Slik er det over heile landet, og slik er det diverre somtid i Fjærland òg. Styret i bygdalaget har kontakta både kommunen og renovasjonsselskapet (Simas) i fleire omgangar for å få tømt bosset. Bosset på ferjekaia er no tømt, og Simas svarar slik om tømmefrekvensen:

Restavfall tømmes kvar veke i høgsesong (veke 22- 36). Papp/papir kvar 4 veke, og vert satt opp ekstratur ved behov. Våtorganisk er kvar 2. veke heile året, men er kvar veke i høgsesong. Glas/metall er normalt kvar 12. veke, men vert også her satt opp ekstratur ved behov

Dette er sjølvsagt ein del av ei større sak, der me i bygdautvalet (styret i bygdalaget) ynskjer å få flytt hytterenovasjonen til ein annan stad i Fjærland, slik at ikkje hyttekontainarane blir overfylte når turistane kjem. Dette strandar kort fortalt på kommunal økonomi, fordi det kostar å få ny tomt til bruk for renovasjon (dette er kortversjonen, det finst meir informasjon for dei som er ekstra interesserte). Me tek gjerne imot framlegg til løysingar, og du kan kontakta oss om saka.