Nytt

  • Referatet frå Fjordviten-møtet og nye saker til årsmøtet

    No er referatet frå informasjons- og debattmøtet på bygdahuset 5. februar 2026 klart. Her var det informasjon om Arnold-stiftinga, om alternativ til Facebook, og ikkje minst om Fjordviten. Referatet finn du under her, og sjølvsagt på sakspapir-sida òg.

    Me minner òg om årsmøtet 24. februar 2026. Desse sakene er komne inn, og kjem i tillegg til vanlege årsmøtesaker:

    • Korleis skal bygdautvalet få innverknad på kommunale saker som gjeld Fjærland?
    • Bustadtomter i Fjærland: Me må bruka dei me har før me kan be om nye
    • Framtida til bygdautvalet på grunn av vanskar med å få fylt styreverva
  • Fleire nye møte og hendingar

    Fylg med på kalenderen vår for å sjå kva som skjer den komande tida! Me viser òg til nye saker her på nettsida: Både parkeringssaka og kommunevegstrategien er oppdaterte.

  • Infoblad desember 2025

    Her kan du lesa informasjonsbladet frå bygdautvalet for desember 2025. Kos deg!

  • Kontorfellesskap

    I samarbeid med Norsk Bremuseum har vi etablert eit tilbod om gratis* kontorplassar i Fjærland.

    Kontorfelleskapet er eit tilbod til deg som ynskjer ein stad å jobbe eller studere utanfor heimen eller hytta di. Plasseringa er i det store møterommet på feltstasjonen til Norsk Bremuseum. Her finn du to arbeidsstasjonar med tilrettelagde PC-skjermar. Tilbodet er gratis for fjærlendingar og kun 100 kr per dag for andre.

    Tilbodet er drifta av Liv og Lyst i Fjærland. Vi set pris på innspel og tilbakemeldingar.


    Utstyr og fasilitetar

    Arbeidsstasjonane har:

    • 40” skjermar med dokking og tilkopling til dei fleste PCar.
    • Heilt nye, justerbare kontorstolar.
    • Hev/senk-funksjon på ein pult.
    • Tastatur og mus (ein kan òg ha med eige).
    • Rein pult-regel.
    • Du har også tilgang til:
    • Konferanseskjerm.
    • Internett: tilgang til bremuseet sitt gjestenett.
    • Toalett: eige toalett i kontorbygget.
    • Kafe: tilgang til kafeen på Bremuseet (obs! museet er stengt om vinteren)

    Pris og betaling

    *Gratis for deg som bur fast i Fjærland (gjeld også studentar og elevar).
    100 kr per dag for deg som bur her av og til.
    Betaling via vipps til Fjærland Bygdalag #114473. Merk betalinga med «kontorfellesskap».


    Tinging

    Reserver plass via sms til: 976 49 724 (Else) eller 971 98 370 (Eirik)
    Dersom begge plassane er reservert, får du tilbod om ein plass utan skjerm.


    Venleg helsing Liv og Lyst i Fjærland

  • Arbeidet i Arnold-stiftinga er i gang

    Eg får fyrst understreka at «Arnold-stiftinga» ikkje er noko offisielt namn! Eg bruker det likevel av di det er brukt i daglegtalen. Så til saka: Gåva etter Arnold Mundal er ei av dei største sakene i Fjærland på lang tid, og no har arbeidet med å forvalta gåva starta opp. Me har halde eit fyrste fellesmøte mellom bygdautvalet og stiftinga som skal starta opp. Referatet frå møtet finn du på sida for sakspapir.

  • Vips i gjestehamna er i orden att

    Bygdalaget har lenge hatt eit vips-nummer for dei som vil betala båtleige i småbåthamna. Den siste tida har dette nummeret vore inaktivt, så folk ikkje kunne betala. Grunnen var at avtalen med Vips* var utgått, og me måtte aktivera han på nytt. Dette hadde ikkje ny leiar i bygdautvalet fått med seg, men no er det ordna! Sjekk gjerne info om hamna her, her eller på turistsida vår her. Prisane er utdaterte, men resten av informasjonen skal stemma ganske bra.

    (*Leiaren veit at DnB skriv «Vips» med to p-ar, men han synest dette er tåpeleg og nektar å gå med på det sjølv om det er eit eigennamn.)

  • Blomar i Mundal

    Sumaren har vore varm og tørr, og ikkje alle blomane på torget i Mundal har greidd seg. Fjærland guiding har gjort oss merksame på dette, og vil friska opp litt. Bygdautvalet takkar!