Skulekrinsen

I sak PS 10/2024 (saksframlegg her) vedtok formannskapet i Sogndal kommune å starta arbeidet med å endra skulekrinsane i kommunen. Saka vart endeleg vedteken i kommunestyret sak PS 36/2024 (saksframlegg og protokoll). I vedtaket vart Fjærland lagd ned som eigen skulekrins. Dei som les saksframlegget, vil sjå at «borns beste» er framheva som grunn til å endra grensene for skulekrinsane. Høyringsinnspel frå Fjærland som framheva at det stikk motsette ville vera verknaden for born frå Fjærland, vart ikkje tekne omsyn til, og at vedtaket stridde mot andre kommunale vedtak om å utvikla alle deler av Sogndal kommune.

Dei som røysta mot framlegget og såleis ville halda på Fjærland som eigen skulekrins, var SP (7 røyster), SV (2 røyster, Torbjørn Selseng og Inga Henjum Halsnes) Venstre (1 røyst), Raudt (1 røyst) og MdG (1 røyst), til saman 12 røyster. Dei som røysta for framlegget, var Ap, H, KrF, FrP og SV (2 røyster, Vibeke Johnsen og Ole Marius Folkestad). Desse hadde samla 19 røyster, og dei sytte for at skulekrinsen i Fjærland vart lagd ned.

Dette er openbert eit dårleg vedtak på feil grunnlag, og bygdautvalet vil arbeida for å omgjera det. Saka vart prioritert på årsmøtet i bygdalaget 24. februar 2026.