Valkrinsen

Før stortingsvalet 2025 avgjorde valstyret i Sogndal kommune, det vil seia formannskapet, å leggja ned Fjærland som eigen valkrins, ut frå dette saksgrunnlaget. Grunngjevinga var kostnadene med valgjennomføringa. Etter ein del epostkontakt fekk bygdautvalet vita kva overslag som låg bak påstanden om høge kostnader, vist under i eit sitat frå ein epost frå administrasjonen i Sogndal kommune,:

For valgjennomføring på valdagen vil det medføre ca. 70 timar til førebuing, gjennomføring og etterarbeid. Til dette arbeidet skal det vere 3 medlemmer og 3 varamedlemmer som valmedarbeidarar (tidlegare stemmestyret) som skal møte til opplæring på ettermiddag/kveld i god tid før valdagen. Kommunen betalar ut godtgjersle, tapt arbeidsforteneste og ev. reise. I tillegg møter administrasjon med to tilsette til opplæring, samt gjennomfører førebuing til valopplæringa og medlemmar til rigging av vallokale. For administrasjon er det innhenting av opplysningar og utbetaling til valmedarbeidarane i etterkant. Totalt reknar ein medgått ca. 70 timar til førebuing, gjennomføring og etterarbeid. Ved alternativ gjennomføring med førehandsrøysting 2 ettermiddagar i tidsrommet 14-20 vil administrasjon nytte eigne folk med kompetanse som vil gi vesentleg reduksjon i timar og ingen ekstra opplæring. Det betyr at ein vil bruke ca. 10-12 timar på alternativ gjennomføring mot ca. 70 timar ved at ein opprettheld valkrinsen.

Opplysningane i saksframlegget om røyster i krinsane er henta frå valprotokollane ved val i 2021 og 2023. Vidare står det i saksframlegget i siste avsnitt «Det vil verte lagt til rette for 1-2 dagar (ettermiddag/kveld) med førehandsrøysting i Fjærland, og ambulerande røysting (heimerøysting) med frist for bestilling 4. september kl. 12.00 for dei som ikkje kjem seg til vallokale Det er sentralt bestemt frå Valdirektoratet fristen for heimerøysting 4. september kl 12. Tidlegare var dette opp til valstyret å avgjere.»

Til dette er mellom anna å seia at valgloven ikkje krev eit så høgt medlemstal i stemmestyret som er referert til i eposten. Eit val i Fjærland treng difor ikkje kosta så mykje som kommuneadministrasjonen føreset i eposten over. Det er òg eit vel optimistisk overslag over tidsbruk ved det som er nemnt som «alternativ gjennomføring», all den tid Fjærland alltid har hatt eit særs høgt relativt frammøte til val:

På denne bakgrunnen vil bygdautvalet i Fjærland arbeida for å få omgjort vedtak me meiner er feil. Saka vart prioritert på årsmøtet i bygdalaget 24. februar 2026.