Innspel til kommunevegstrategi
Sogndal kommune har føreslege å avhenda nokre kommunale vegar til private, og har arbeidd med kriterium for kva vegar som skal vera kommunale og ikkje. Saksutgreiinga kan du lesa her. Bygdautvalet er ikkje positive til privatisering av kommunevegar. Dette er ei typisk sak denne organisasjonen arbeider med, så me har skrive eit høyringsinnspel som byggjer både på diskusjonar i bygdautvalet og samråd med andre aktørar i Fjærland. Innspelet er sendt til kommunen innan fristen 7. januar 2026. Du kan lesa heile herlegdomen under.