Kontorfellesskap
I samarbeid med Norsk Bremuseum har vi etablert eit tilbod om gratis* kontorplassar i Fjærland.
Kontorfelleskapet er eit tilbod til deg som ynskjer ein stad å jobbe eller studere utanfor heimen eller hytta di. Plasseringa er i det store møterommet på feltstasjonen til Norsk Bremuseum. Her finn du to arbeidsstasjonar med tilrettelagde PC-skjermar. Tilbodet er gratis for fjærlendingar og kun 100 kr per dag for andre.
Tilbodet er drifta av Liv og Lyst i Fjærland. Vi set pris på innspel og tilbakemeldingar.
Utstyr og fasilitetar

Arbeidsstasjonane har:
- 40” skjermar med dokking og tilkopling til dei fleste PCar.
- Heilt nye, justerbare kontorstolar.
- Hev/senk-funksjon på ein pult.
- Tastatur og mus (ein kan òg ha med eige).
- Rein pult-regel.
- Du har også tilgang til:
- Konferanseskjerm.
- Internett: tilgang til bremuseet sitt gjestenett.
- Toalett: eige toalett i kontorbygget.
- Kafe: tilgang til kafeen på Bremuseet (obs! museet er stengt om vinteren)
Pris og betaling
*Gratis for deg som bur fast i Fjærland (gjeld også studentar og elevar).
100 kr per dag for deg som bur her av og til.
Betaling via vipps til Fjærland Bygdalag #114473. Merk betalinga med «kontorfellesskap».
Tinging
Reserver plass via sms til: 976 49 724 (Else) eller 971 98 370 (Eirik)
Dersom begge plassane er reservert, får du tilbod om ein plass utan skjerm.
Venleg helsing Liv og Lyst i Fjærland