Wifi i småbåthamna

No i løpet av sumaren har bygdalaget jobba litt i småbåthamna. Me har laga eit trådlausnett som er gratis for dei som betaler den ganske rimelege kaileiga i gjestehamna. Når du har betalt kaileiga, kan du gå på butikken og få ein lapp med kode til trådlausnettet. Sendaren står på sørvisbygget, og dekkjer trekaia, flytebrygga og området rundt.

Me vonar denne ekstratenesta vil gjera det endå betre å vera båtgjest i Fjærland.

Nettverket er bygd på dugnad, og utstyret er kjøpt inn av bygdautvalet.